Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Slik var programmet i 2024 

Fredag 27. september 2024

kl. 10:00

Strandebarm bibliotek: Program med barnebokforfattar Vegard Markhus

for barnehagen og småskuleklassane i Strandebarm Meir ...

Arr: Kvam bibliotek  

kl. 12:00 til kl. 15:00

Fosseloftet:  Den magiske naturen

Forteljarkurs for tilsette i barnehage og skule. Meir ...

Gratis. Påmelding til randijaa@gmail.com  

kl. 13:00 til kl. 13:55

Fossehuset: Dialektdag for 10. klasse (Strandebarm Skule).
Elevane presenterer arbeidet sitt for dei andre elevar/foreldre/interesserte.
Dialektkviss.

kl. 16:00 til kl. 17:00

Fossehuset: Kaffi og såvore

kl. 17:00 til kl. 18:15

Fossehuset: Hallgeir Aase med trompetfanfare

Biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin held foredraget: Meir...

"Nær hjartet - i hjartet. Om språk, dialekt og tru"

og opnar festivalen

Musikalske innslag. I samarbeid med kyrkja

Billett: kr 200 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

kl. 19:00 til kl. 22:00

Haugatun: Gunnstein Akselberg, kåseri:

"Kva er dialekt? Dialekt - Identitet - Respekt". Meir ...

Pause med litt mat 

Gamaldans. Gamaldansgrupper frå fleire bygder. Kvam trekkspelklubb.

Billett: kr 150 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

Laurdag 28. september 2024

Dagsbillett: kr 500 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

kl. 13:00 

Fossehuset: Styggasnakk.

Tor Erik Jenstad, forfattar av "Den store skjellsordboka" held foredrag om

saftig språkbruk Meir ...

Billett: kr 150 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

kl. 14:00 

Fossehuset: Snakker jeg pent nok?

Johan Storm Munch held foredrag om småbønder i møte med doktor og prest,

knoting og kommunikasjon i det klassedelte samfunnet. Meir ....

Billett: kr 150 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

kl. 15:00 til kl. 16:00

Fossehuset:  Matpause. Hotdog m.m.

kl. 15:00 

Haugatun: Yogaleik for born i grunnskulealder med Ida Sørheim. Meir ...

Gratis

kl. 16:30

Strandebarm omsorg:  Program for dei som bur på Strandebarm omsorg og andre.

Inger Elisabet og Beate Viken leier det musikalske programmet og Margunn Mikkelsen Tordal spelar.

Meir ...

kl. 16:00 til kl. 17:00

Fossehuset: Fornøyelege og forvitnelege amerikabrev

Birgit Jaastad og Arne Gjerstad har funne fram amerikabrev frå 1850 og framover.

Kva fortel breva oss om livet til nordmennene som utvandra til Amerika?  Meir ...

Billett: kr. 150 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

kl. 17:30 

Fossehuset: Kva tyder stadnamna våre?

Peder Gammeltoft frå UiB forklarar kva som ligg bak stadnamn generelt, og tek spesielt for seg stadnamn i Strandebarm og andre deler av Kvam. Meir ...

Billett: kr 150 (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

kl. 20:00 og utover

Haugatun: Politikarliv i bokmålsland Oddny Miljeteig kåserer Meir ...
Jimmy Næs syng og fortel om Ingvar Moe Meir ...

Vinnarane på basaren vert opplesne.

Billett: kr. 200 + sal av altslag drikkevarer. (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))
Dans frå omlag 22.00 - Strandebarm ungdomslag  - Sjarmonien spelar

Dansen vert arrangert av ungdomslaget (SUL) og det vert eigen billett.

Ticketco

Sundag 29. september 2024

kl. 11:00 til kl. 12:30

Strandebarm kyrkje: Festivalgudsteneste med song og musikk


kl. 13:00 til kl. 14:00

Breievne gard: Kulturminneløype - guida tur. Inne om det vert dårleg vêr.

Kr. 100 for vaksne (born gratis)

Sal av mat og drikke.  Meir... 

kl. 13:00 til kl. 14:00

Ved Strandebarm Marina: Den magiske naturen

Eventyr i skogen/grillhytta for born (med eller utan foreldre). Anne Hungnes.

Gratis

kl. 17:00

Fossehuset: Feiring av årmålsdagen til Jon Fosse. 

Sundagskaffi med marsipankake.

Foredrag av Cecilie Seiness: Jon Fosse,  liv og dikting. Meir ...

Bill. kr. 200 (inkl. diger kake og god kaffi) (Vipps: 752510 (Folkeakademiet))

Desse trefte du

Inspirerande fordragshaldar og artistar.


Nokre kjenner du og fleire vil du verta kjent med.