Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Dialektbasar i Haugatun
Inntektene frå basaren går til å dekka utgifter i samband med dialektprosjektet.

Eldsjeler frå Kvam Mållag og andre frivillige organisasjonar samlar inn ord og uttrykk i strandebarmsdialekten og tek lyd- og videoopptak av folk som snakkar dialekten i dag. Det innsamla materialet må takast vare på som ein del av den immaterielle kulturarven vår, og det er vanskeleg å få til heilt gratis.   

I tillegg til dugnadsarbeid  trengst det pengar til leige av lydstudio, prosjektleiing, teknisk utstyr, kurshaldarar, husleige og forskjellig anna. 

Erling Neteland frå Steinsdalen/Norheimsund, som skal losa oss gjennom basaren, er full av slåser som han har lovt å dela med oss. 

 Vinstane er kortreiste og har i seg noko av kulturen  og identiteten i Strandebarm. Du kan vinna signerte bøker av Jon Fosse, handlaga produkt av Åse Ljones og ulike produkt frå lokale bedrifter i Strandebarm.
Takk til rause bedrifter og einskildpersonar som bidreg med vinstar!