26. - 28 . SEPTEMBER 2025 | STRANDEBARM, HARDANGER, NOREG
Strandebarm bibliotek: Forfattar Ruth Lillegraven
kjem til småskulen i Strandebarm Meir ...
Fosseloftet: Leikande tilnærming til språk
3-timars kurs for lærarar i barnehagen, småskulen og SFO. Gratis.
Lærar: Laila Fosso. Meir ...
Fossehuset: Dialektprogram for 10. klasse ved Strandebarm Skule
Elevane presenterer arbeidet sitt for andre elevar, foreldre og interesserte.
Kviss.
Fosseloftet: "Skapande skriving for ungdom"
Gratis skriveverkstad, for unge mellom 12 og 20. Påmelding til randijaa@gmail.com innan 23. sept.
Leiar: Laila Fosso Meir...
Haugatun: Opningsfest
Hallgeir Aase blæs kveldsprogrammet i gang med trompetfanfare. Meir...
Hovudutvalsleiar i Vestland, Sigrid Brattabø Handegard, opnar festivalen. Meir...
Djønne & Børsheim
Folkemusikarane Rannveig Djønne og Annlaug Børsheim held konsert Meir...
Billettpris: kr 250 med dansen etterpå.
Billett (både opning og dans) i døra eller på Ticketco
Haugatun: Gamaldans
i samarbeid med Kvam Trekkspelklubb og Gamaldansen i Kvam.
Ulike gamaldansgrupper i distriktet er inviterte.
Ein kan kjøpa kaffi og noko attåt frå ungdomsklubben i Strandebarm ungdomslag.
Billett (både opning og dans) i døra eller på Ticketco
Fossehuset:Kafé i kjellaren
Fossehuset: Bokslepp
Årboka til Kvam soge- og kulturminnelag for 2025 vert presentert.
Det vert høve til å kjøpa årboka og andre bøker Hardangerforlaget har gitt ut.
Gratis tilgjenge
Fossehuset: "Språkleg mot og språkleg identitet"
Språket er ein viktig berebjelke i den personlege identiteten vår, seier Arve Thorvik. Han har sett og røynt motet som trengst når ein vil halda fast ved identiteten sin og bruka minoritetsspråket sitt i møte med urban og global kultur. Foredragshaldaren er også oppteken av at folk må ha eit eigarforhold til det nynorske skriftspråket, ikkje berre dialekten sin. I tillegg har han synspunkt på kva som må til for at nynorsk skal overleva som språk.
Billett kr 150 i døra eller på Ticketco
Strandebarm omsorg: Program for dei som bur på Strandebarm omsorg og andre.
Deler av Gertruds Sigøynerorkester underheld
Fossehuset: Matpause, kafé i kjellaren
Haugatun: Konsert
med Gjertruds Sigøynerorkester og Helge Jordal. Meir...
i samspel med songgruppa Sonár. Meir...
Dans etter konserten Gjertruds sigøynerorkester spelar
Billett, konsert og dans: kr 350 Ticketco
Mat og drikke. Samarbeid med ungdomslaget.
Strandebarm kyrkje: Festivalgudsteneste med song og musikk
Tema: 100 år med nynorsk salmebok. Meir...
Omvising i Myra
barndomsheimen til Jon Fosse (avgrensa plass)
Billett kr 100. Påmelding på SMS 91523146
Fossehuset: Sundagskaffi med Helge Jordal og Laudamus
Skodespelar Helge Jordal fortel frå ein brokete oppvekst i Bergen, i ei tid då nye impulsar utanfrå, humor, livsglede og trua på ei betre verd, prega byen. Meir...
Laudamus har funne fram sjømannsviser og andre songar frå den lettare delen av repertoaret sitt. Allsong vert det også. Meir...
Dei heldige basarvinnarane vert kunngjorde.
Billett kr 200 i døra eller på Ticketco.
Gratis kaffi i kjellaren 15.30 - 16
Nokre kjenner du, og fleire vil du verta kjent med.
Arbeidet med denne festivalen starta då Kvam herad auka løyvingane til festivalar.
Ei gruppe i Strandebarm har sett nærmare på strandebarmsdialekten.
Denne dialekten til liks med andre dialektar er vel verd ein festival.
Kvam mållag er med på dette arbeidet.
Andre støttespelarar: Kvam folkeakademi og Fossestiftinga
Denne helga vil du finna noko for språkinteresserte i alle aldersgrupper.
Har du spørsmål eller kommentarar - skriv dei her og klikk på Send. Felta med * må fyllast ut.
Dato:
26. - 28. september 2025
Stad og adresse: