Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Basar er kjekt

med mange premiar:

Premiane kjem frå:
Kvam kino, Optima, Fosse-stiftinga, Hauane hagebruk, Mo Sport, Jon Fosse, Åse Ljones, Lingalaks, Gimle, Coopen Strandebarm, Linda Lid, Breievne gard, Joker Oma, Barmen, Torleif Ljones, Safa og fleire kjem til. 

Hugs at det er lov å spandera premiane på andre.

Kjøp loddar via Vipps: 576605

Kvifor basar?

Digital basar på dialektfestivalen i Strandebarm 27. – 29. september 2024

Du kjøper lodd på Vipps: 576605 og vel Basar - dialektfestival


Målet med festivalen er å styrkja språk, kultur og lokal identitet. 

Ei gruppe held på med å samla inn ord og uttrykk, tek opp videoar og lagar lydfiler, tek bilete av gjenstandar osv. I tillegg til ord og uttrykk samlar ein inn historier, viser og andre tekstar som fortel noko om folk og kultur i bygdene vår. Arbeidet vert tilgjengeleg for alle på nettsida  strandebarmdialekt.no (her kan alle kommentera).

Innsamlingsarbeidet vert gjort på dugnad, men det trengst pengar til leige av lydstudio og IT-kompetanse. Inntektene frå basaren skal gå til slikt. Trekkinga skjer under kveldsprogrammet i Haugatun laurdag 28. september.

Hovudvinstane er signerte bøker av Jon Fosse og elles fine ting frå det rause næringslivet i Kvam. 

Takk for at de vil gje vinstar til dialektfestivalen!


Helsing
basarnemnda 2024 ved
Randi Jåstad


Kontakt basargjengen

unsplash