Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Birgit Jaastad

Amerikabrev -  skildring av velstand og lukke, men og lengt og uro.

Birgit Jaastad er oppvaksen på Jåstad på vestsida av Sørfjorden. Ho er utdanna cand.philol. og lektor frå Universitetet i Oslo. Ho har undervist i ulike skulefag, mellom anna arbeidde ho i fem år som professor i norsk ved Augustana College i Sioux Falls i Sør Dakota. Dei siste åra før ho vart pensjonist arbeidde ho som museumspedagog på Maihaugen museum på Lillehammer. 


Jaastad og Gjerstad har studert Amerika-brev frå bygdene våre frå 1800-talet og framover. Breva gjev innsikt i korleis dei norske emigrantane klarte seg i det nye landet og viser korleis språket deira endra seg etter kvart som dei vart amerikaniserte. Breva er ein viktig del av utvandrarhistoria vår. Mange av oss har gjerne Amerika-brev frå fjerne slektningar liggjande. Desse er kulturskattar som bør takast vare på.