Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Jens Brekke

Jens Brekke er ein norsk lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Brekke har mellom anna gjeve ut hefta Illustrert tyleskap med småhistorier, ogVetlaboki, eit songhefte for barnehagar. Han har vore fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

Som medlem av musikkgruppa «Skjerpehaugen» har han vore med på to plater, og turnert i Folkeakademia med viseprogram saman med Ottar Wiik og Ragnar Hove. Han er forfattar av bøkene Fangebrev (Selja 2008) om Olav Skjerven frå Vik, som sat nesten to år i tysk krigsfangenskap og Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen (Selja 2010) med illustrasjonar av Arnstein Mygland.

Brekke har vore leiar av Sivle-laget sidan starten i 2002. Han har stått bak nyutgjevingar av tekstar av Per Sivle,  mellom anna Berre ein hund (Selja 2004). I 1998 vart han tildelt Fylkesmålprisen, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Målrosprisen 2000. (Frå Wikipedia)