Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Peder Gammeltoft

Stadnamn mellom fjord og fjell


I bygdene i Kvam har ein alltid teke vare på språket sitt. Det gjeld òg stadnamn. Kvam herad er ein av dei stadane der det er samla inn flest stadnamn, faktisk godt over 16 000, seier Peder Gammeltoft. Av desse er kring 4 000 samla inn i Strandebarm-området, som har ein lang og rik stadnamntradisjon der me kan få innsikt i kor gamle stadnamna er, og kvifor stadane er vorte namngitte.

Kva er grunnen til at ein har gitt namnet Dysvik og er Oma eldre enn Børsheim? Og kva betyr Linga? Dette og veldig mykje meir skal me høyra om i foredraget til Peder Gammeltoft, som har forska på stadnamn i over 20 år, fyrst som namnegranskar ved Københavns Universitet og sidan 2017 som fagleg leiar av Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen.


Hovudinteressa til Gammeltoft er stadnamn frå vikingtida i Skandinavia og i vikingtidkoloniane.


PS. Foredraget vert gjeve på dansk.