Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Anne Hungnes

Den magiske naturen.


Forteljarkurs fredag 27. september kl 12 - 15 for tilsette i barnehage og skule på Fosse-loftet (ved Strandebarm Marina) i Strandebarm


Forteljar Anne Hungnes har med seg små eventyr der planter og dyr kan snakka, menneske blir til laks og får oppleva korleis det er å vera villaks, ei blind jente som gjennom lytting «ser» meir enn dei som ser, og andre historier. Forteljingane innbyr til undring og samtale om alt levande og tilhøvet mellom menneska og naturen. Eventyra kan passa når borna er ute på tur og treng ein pause ved bålet, inne i dagsturhytta eller kor som helst.
Å fortelja eventyr er ein kunst som kan lærast. Gjennom kurset vil deltakarane få ulike øvingar som hjelper dei til å få forteljingane «under huda», gjera dei levande slik at dei fortel til borna som om historiene var sjølvopplevde.


Påmelding så snart som mogleg, seinast innan 25. september til randijaa@gmail.com eller tlf 91523146. Det er plass til 12 deltakarar. Dei som melder seg på først, får plass.

Eventyrtur - sundag kl. 13 i skogen ved Standebarm Marina.


Bli med forteljar Anne Hungnes på tur i skogen med eventyr, songar og regler!

Turen varer litt over ein halvtime og passar godt for born mellom 5 og 10 år. Små born kan òg delta vissdei har vaksne med seg.

Møt opp ved grillhytta kl 13. Turen er gratis, og de treng ikkje melda dykk på på førehand.


Velkomne!

Anne Hungnes frå Molde er lærar og har utdanning i munnleg forteljing frå Høgskulen i Oslo og Universitetet i Tromsø. Ho har lang røynsle i å fortelja for born i skulen og for Den Kulturelle Skulesekken. Ho har og hatt forestillingar for vaksne på Romsdalsmuséet og andre stader.