Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Ida Sørheim

Yogaleik og rørsle i Haugatun laurdag 28. september kl 15

Born i grunnskulealder er velkomne til ein time med mykje bevegelse og god musikk. Du treng ikkje melda deg på på førehand. Berre møt opp. Timen er gratis og open for alle. Viss du har spørsmål, kan du ta kontakt med Ida på tlf. 92085054.


Ida Sørheim er utdanna lærar og idrettslærar. Ho har drive som yogainstruktør for vaksne og born i Kvam og Jondal i mange år. No arbeider ho i kulturskulen i Ullensvang og som leirskulelærar i Jondal. Ho er òg leiar for Bygdalarm-festivalen i Kvam. Ida er levande interessert i alle typar dans og går ofte på kurs for å læra seg nye dansetypar.