Tor Erik Jenstad(fødd på Nordmøre) er ein norsk språkforskar, ordbokredaktør og folkemusikar, busett i Trondheim.
I 1995 vart han dr. art med avhandlinga Ein repetis i obligadur. Norsk folkemusikkterminologi, med vekt på feletradisjonen.[2]I 2001 gav han ut ei bok med same tittel, som byggjer på dr.art.-avhandlinga.[
Sidan 2003 har han vore ein av redaktørane for Norsk Ordbok.
Jenstad legg vekt på formidling, og publikasjonane hans spenner frå akademiske til populærvitskaplege bøker og artiklar. Han held også ofte foredrag og deltar i radioprogram. Han bidrar blant anna jamleg i NRK-programmet Språkteigen. Han har også dialektbloggen «Moro med ord og uttrykk!» saman med Unni Ulltveit (foto/redigering).[ Frå 1992 har han hatt radioprogrammet «Dialektmagasinet» på NRK Trøndelag. Det blir framleis sendt kvar veke – og kan no også høyrast som podkast.
I 1993 fekk han Nordmøre Mållags målpris, og i 1998 fekk han ein pris frå Kungl. Gustav Adolfs Akademien för svensk folkkultur (Torsten Janckes minnefond) for sitt arbeid med norsk dialektologi.[
Jenstad er også ein aktiv folkemusikar. Han var styremedlem i Landslaget for Spelemenn i perioden 1997–1999, og leiar for Trøndelag Folkemusikklag 2013–14. Saman med folkemusikkgruppa «Hørkelgaddan», der han spelte trekkspel og toradar, fekk han Spelmannsprisen i 1981 i klassen folkemusikk/gammaldans. Han speler i fleire spelemannslag og folkemusikkgrupper, med Oppdal Spell- og dansarlag som hovudlag. Duoen «Trebitmerra og feppeldaill'n» (med Unni Ulltveit) er Noregs første «togspellemenn».
Jenstad er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.
I 2019 fekk han Trønderlaget sin målpris, for sitt mangeårige arbeid for dialekt og nynorsk.