Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim er ein norsk språkvetar og språkpolitikar. Han har ein mangfaldig bakgrunn, og han er og har vore aktiv på mange område, der det meste har med norsk språk å gjere.

I norsk offentlegheit var han lenge truleg den mest kjende språkkommentatoren og språkrådgjevaren. Han deltok i språkprogram i radio og tv der han svarer på språkspørsmål og kåserer om eller samtalar med andre om språk. Han skriv i ymse aviser og har gjeve ut ei rad populærvitskaplege bøker om språk.


Han er ein ettertrakta kåsør og foredragshaldar og i september 2022 var han i Fossehuset.


Som den aller første blei han tilsett av Kulturdepartementet i den sentrale stillinga som direktør for det nye Språkrådet, som avløyste det tidlegare Norsk språkråd som var under omdanning mellom 2004 og 2006. Dermed fekk han sterk innverknad på denne prosessen og også eit primæransvar for forvaltninga av ein ny norsk språkpolitikk. Lomheim sat i denne stillinga til 2010 da han gjekk tilbake til professoratet ved det som da var blitt Universitetet i Agder.


Bull, Tove: Sylfest Lomheim i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 26. juni 2023 fra https://snl.no/Sylfest_Lomheim