Vegard Markhus (1983) er forfattar og illustratør og lagar bøker for born.
Han har gjeve ut ni bøker, og saman med Bjørnar Sangolt utgjer han duoen Naboen min som lagar musikk for born. I 2019 mottok dei Spellemannsprisen for plata Rockesock.
Hans tiande bok, Alien i klassen - UFO-gjengen, kjem ut i september 2024.
Til Dialektfestivalen
tek Vegard med seg boka Timothy mister seg sjølv, for å feire at boka er gitt ut på nytt i 2024.
Vegard mottok Nynorsk barnelitteraturpris for boka då ho første gong kom ut.
I tilleggtil bok og gitar, tek Vegard med seg teiknesaker. Han lurer nemleg på om borna har nokon rare idear til den neste teikninga hans.