Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Natur/kultur-sti ved fjorden
På stien frå Strandebarm Marina kan de gå frå post til post på kulturstien. Oppgåveark til turen får de i kaféen, og her leverer de svaret når de er ferdige.

Vinnarane av konkurransen vert premierte på basaren i Haugatun, som  startar kl 17 på laurdag.


På det flotte anlegget Strandebarm Marina kan de kjøpa dykk noko godt i kaféen, ta dykk ein tur på minigolfbanen, fiska viss de har fiskestong med, eller bada om sjøen ser freistande ut.

Her kan du verta kjend med strandbermarar, både båtar og folk.

Fosseloftet