Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Oddrun Grønvik

Oddrun Grønvik (f. 1947) har utdanninga si frå Noreg og England. Ho har arbeidd med ordbøker og språkverktøy for morsmål i det meste av yrkeslivet sitt. Ho er Cand. Philol. frå Universitetet i Oslo med ei hovudoppgåve om mållova frå 1930. Ho var redaktør i Norsk Ordbok frå 1987 og ein av hovudredaktørane frå 2007 til 2016, med særleg ansvar for opplæring og digitale løysingar.  Før ho kom til Norsk Ordbok var ho fagkonsulent i Norsk Språkråd (1979-1987). Ho var medlem av  fagnemnda i Norsk språkråd 2000-2003 og Språkrådets fagråd for normering og språkobservasjon 2007-2014. I dag er ho knytt til prosjektet NO-AH ved Universitetet i Bergen, som arbeider med revisjon av første del av Norsk Ordbok (bolken a-h, om lag 40 prosent av heilskapen).

   Ho er i dag særleg oppteken av å sikra og skaffa tilgjenge til dokumentasjonen av norsk språk, både språket i bruk og avgjerder som gjeld språk, frå einskildord til heilskap.


Frå 1991 til 2006 var Oddrun Grønvik prosjektleiar på norsk side for eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og University of Zimbabwe om utvikling av ordbøker for afrikanske språk i Zimbabwe, og vart i 2006 utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Zimbawe. Kontakten med fagmiljøet i Zimbabwe har vart ved.


 Det er blitt ein del skriving, først og fremst om faglege emne, på norsk og engelsk, frå 1980 til i dag.


Livet er meir enn arbeid. Oddrun Grønvik voks opp med nynorsk som kampsak, har hatt nokre verv i målrørsla, og i andre organisasjonar. Ho er gift og mor til tre, ein av dei med ein sjeldan arveleg sjukdom. Dette førte til femtan år som leiar for foreldreforeininga for barn med mucopolysakkaridose (MPS), noko som i sin tur gav innsyn i terminologiutvikling frå fagleg synsstad - for språk og kommunikasjon er over alt!


Motto: føl mindre, tenk meir.