Kl 13 i Fossehuset: Arve Thorvik held foredraget
"Språkleg mot og språkleg identitet»
Språket er ein viktig berebjelke i den personlege identiteten vår, seier Arve Thorvik. Han har sett og røynt motet som trengst når ein vil halda fast ved identiteten sin og bruka minoritetsspråket sitt i møte med urban og global kultur. Foredragshaldaren er også oppteken av at folk må ha eit eigarforhold til det nynorske skriftspråket, ikkje berre dialekten sin. I tillegg har han synspunkt på kva som må til for at nynorsk skal overleva som språk.
Kvemmingen Arve Thorvik er utdanna statsvitar og har arbeidd med politikk og diplomati i den norske utanrikstenesta. I tillegg har han hatt leiande jobbar i det private næringslivet, mellom anna som direktør i NHO og tidlegare Statoil. Dei siste åra før han gjekk av med pensjon, dreiv han sitt eige konsulentselskap i Brussel. Thorvik er framleis ein svært engasjert samfunnsdebattant og høgt skatta foredragshaldar.