Digital basar på dialektfestivalen i Strandebarm 26. – 28. september 2025
Du kjøper lodd på Vipps: 576605 og vel Basar - dialektfestival
Målet med festivalen er å styrkja språk, kultur og lokal identitet.
Ei gruppe held på med å samla inn ord og uttrykk, tek opp videoar og lagar lydfiler, tek bilete av gjenstandar osv. I tillegg til ord og uttrykk samlar ein inn historier, viser og andre tekstar som fortel noko om folk og kultur i bygdene vår. Arbeidet vert tilgjengeleg for alle på nettsida strandebarmdialekt.no (her kan alle kommentera).
Innsamlingsarbeidet vert gjort på dugnad, men det trengst pengar til leige av lydstudio og IT-kompetanse. Inntektene frå basaren skal gå til slikt. Trekkinga skjer i Fossehuset
sundag 28. september.
Hovudvinstane er signerte bøker av Jon Fosse og elles fine ting frå det rause næringslivet i Kvam.
Takk for at de vil gje vinstar til dialektfestivalen!
Helsing
basarnemnda 2025 ved
Randi Jåstad