konsert som har henta inspirasjon frå lokal identitet og musikk
Annlaug Børsheim syng og spelar hardingfele og gitar, medan Rannveig Djønne spelar toradar og syng. Begge to har røter i Indre Hardanger, og begge har folkemusikkutdanning mellom anna frå Ole Bull Akademiet på Voss. Børsheim spelar i Frode Grytten Beat Band og ho samarbeider tett med regissør Vibeke Flesland Havre i ulike produksjonar. Djønne nyttar toradaren sin i eit breitt spekter, frå kyrkjemusikk til progrockband.
Repertoaret til Børsheim& Djønne er i hovudsak eigen musikk og tekstar, noko inspirert frå Hardanger, og med trekk frå visetradisjon og pop. Desse to musikarane klarar formidla både sorg og glede på ein inderleg og ekte måte, og dei haustar stor fagnad for konsertane sine.