Konsertførestilling
med Gjertruds Sigøynerorkester og Helge Jordal
Dette vert ei forrykande førestilling med dikt, forteljingar, songar og musikk frå sigøynar- og taterkulturen. Helge Jordal er ein av dei mest kjende og folkekjære skodespelarane på Vestlandet, og han har hatt store roller både i norsk film og på teaterscena. I tillegg er han ein skatta opplesar. Jordal har samarbeidt med Gjertruds sigøynerorkester i mange år.
Medlemer frå Kvammakoret samarbeider med Sigøynerorkesteret på dette programmet.
Dans
Etter konserten vert det dans. Gjertruds Sigøynerorkester spelar.