kl 12 - 15 Fosseloftet
Kurs for lærarar
«Leikande tilnærming til språk» inspirasjonssamling for tilsette i barnehage, skule og SFO.
Laila Sagstad Fosso har allsidig arbeidsbakgrunn frå oppvekst og kultur. «Å leika oss og nytta kunstfaga både for å jorda oss, våga vera open, ekte, og bjuda på her og no, er ei tilnærming eg har hatt med meg i ulike rollar både som utreiar i team med ungdom, spesialpedagog i skule og barnehage, kulturskulelærar og i leiarrolla. Heile arbeidslivet mitt ber preg av å vera på jakt saman etter «gullet», og i tett i relasjon både til oss sjølv og i møte andre. Då får me betre arbeidsdagar, kvardagar, grupper å vere delaktig og skapande i.
Språk er så mangt, og språk er i grunn alt. Korleis skapa trygge fellesskap der formidling og samskaping gjennom musikk og drama er aktivitetar som skapar gode stunder her og no, og som kan binda oss saman og skapa struktur i kvardagen? Du får nokre verktøy som støttar deg, og materiell som du kan ta med deg, gjere tilpassingar og nytta i jobben din!
kl 18 - 21 Fosseloftet
Skriveverkstad for ungdom i alderen 12-20 år
Laila Sagstad Fosso har lang røynsle med å lytte fram og skape engasjement hjå born og ungdom. Denne fredagskvelden inviterer ho ungdom til å kome saman for å utfalde seg. Det vert enkle konkrete øvingar alle kan bidra i individuelt. Å auka gleda og motet i skriveøkter, og ikkje minst verte kjend med nye folk, er målet for kvelden.
Ta med deg draumar, gode ord og vendingar, eller ein melodi/låt du diggar som du kunne tenkt deg å skrive tekst til? Har du allereie ein kort tekst som du vil dela med oss? Ta den med.