Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Linda Lid

Linda Lid

har dei siste 25 åra forma mjuk leire om til keramikk ved hjelp av eld. 

Ho lagar inspirerande bruksting i tillegg til skulpturelle arbeid.

Materialet er steingods og porselensleire, og ho brenn i ein stor mursteinsovn til ca 1300 grader celsius. Lengda på brenninga , mellom 70 og 100 timar, er essensiell for godt resultat.

Alle tinga er heilt handlaga. Glasurane er også hennar eigne, laga for å samstemma med naturleg oskeglasur skapt under brenninga. Elden understrekar og framhevar dei organiske formene og relieff i overflatene.

Vedfyrt keramikk representerer naturen for Linda, med vare nyansar av jordfargar. Dei mjuke rolege overflatene er eit vakkert innslag i eit vidt spekter av moderne interiør. (*omforma tekst frå sida til Linda)