Fossestiftinga, Kvam folkeakademi, Kvam mållag

Ruth Lillegraven

FREDAG 26. september
Forfattar Ruth Lillegraven vitjar Strandebarm skule om føremiddagen. Ho har skrive mange barnebøker i tillegg til romanar og dikt for vaksne. Dei minste borna kjenner gjerne til biletbøkene hennar om Mari og Magnus, medan litt større born kanskje har lese  til dømes «Dei svarte svanene» eller «Hytta som forvann» frå spenningsserien om miljø og klima «Kodeklubben».  Lillegraven har flytta heim til garden i Granvin der ho vaks opp.